Menu

Bli med på fem dager med TEATERCAMP på Bryne i veke 32!

Påmeldingen er avsluttet.

Teatercampen vår går frå mandag til fredag, kl 09.00 til 14.00 og vi har plass til 15 stk kvar veke. Dette er eit gratis tilbud til deg mellom 10 og 13 år, som har god tid i sommar, og som kanskje ikkje har så mange ferieplanar.

Det blir leik og moro med teatersport, skodespelartrening og mange fleire gøye teateroppgåver!

Du treng ikkje ha noko teatererfaring frå før, du må berre ha lyst til å prøva og våga å vera med i leiken. Me held til i Bryne Mølle og i bymiljøet rundt. Dagen blir delt i to økter med ein lunsjpause i midten.


Instruktører: Martha Kristine Kåstad og Andrea Johnsen
Arrangør: Fantefølge med god støtte frå Jæren Sparebank og Gjensidigestiftelsen.


Nb! Vi held oss innanfor alle smittevernkrava frå Helsedirektoratet!

Ta kontakt på tlf: 92606594 om du har spørsmål.