278589737_662931544818261_6440570459157774599_n.jpg

TeaterCamp

Teatercampen vår går frå mandag til fredag, kl 09.30 til 14.00 og vi har plass til 15 stk kvar veke.

 

Dette er eit gratis tilbud til deg som går i 3. - 6. klasse.

Det blir leik og moro med teatersport, skodespelartrening og mange fleire gøye teateroppgåver!

Du treng ikkje ha noko teatererfaring frå før, du må berre ha lyst til å prøva og våga å vera med i leiken. Me held til på Fanteloftet, i øverste etasje i Eikhigården og i bymiljøet rundt. Dagen blir delt i to økter med ein lunsjpause i midten.


Instruktører: Martha Kristine Kåstad og Andrea Johnsen
Arrangør: Fantefølge i samarbeid med Time kommune og Gjensidigestiftelsen.


PÅMELDING innen 31. mai.


Ta kontakt på tlf: 92606594 om du har spørsmål.

DanseCamp

Veke 26 og 27 er for 3. - 6. trinn.

Veke 28 for 7. og 8. trinn.
 

Mandag til fredag kl. 09.30 til 14.00

Vi har plass til 15 deltakarar kvar veke. Tilbudet er gratis for alle.
 

Det blir ulike danseklassar i moderne og jazz med fokus på formidling og teknikk. Vi skal trene i lag og oppleve ekte danseglede.

Du treng ikkje ha noko danseerfaring frå før.


Me held til på Bryne Mølle.

Instruktør: Stine Storebø

Arrangør: Fantefølge i samarbeid med Time kommune og Gjensidigestiftelsen.

 

Ta kontakt på tlf: 92606594 om du har spørsmål.

229614389_4268477726544958_725582828288299025_n.jpg